Tusen takk for støtta di til skulebygging i Arba Minch!

Skuleprosjektet har nådd sitt første mål: Ein fullverdig barne- og ungdomsskule med plass til 800 elevar. Dette året går det 740 elevar ved skulen frå barneskule tom. første året på vidaregåande.

Draumen deira har gått i oppfylling fordi du som givar har vore med på å gjere det mogleg!

Barne- og ungdomsskulen er ferdig og vart førd i hamn med kostnader innanfor budsjett. Kr.1,4 mill. Dette er bra ! Det har vore stor begeistring over skuleprosjektet også frå det offentlege.

Oktober 2015 var elevar og lærarar fra dei tre v.g.skulane i Sykkylven, Spjelkavik og Ulstein på ekskursjon til Etiopia. Gjestinga i ArbaMinch gav sterke inntrykk, men skapte stor glede og optimisme for elevar og lærarar på skulen. Gjestane frå Norge hadde med seg gåver som datamaskiner, penner, ballar, leiker, t-skjorter osv. Då elevane kom heim, vart det arrangert ein arbeidsdag ved desse tre skulane som skulle gi inntekt for skulen i ArbaMinch. Arbeidsinnsatsen står det stor respekt av og som alle forstår, skaper det stor glede i Arba Minch.

Igjen minner vi om at alt arbeid og administrativ innsats er gratisarbeid.

Skuleprosjektet vart i fjor utvida, etter press frå ungdommen, til også å gjelde vidaregåande skule.

Dei to fyrste klassene på vgs starta hausten 2015.

Arbeidet med hovedbygget på den vidaregåande skulen er kome godt i gang, og skal innviast ved skulestart 2016.

Totalt vil det då vere 1170 elevplassar ved skulen.

2016 vert eit merkeår for byen ArbaMinch: Ein ny mønsterskule er fullført mellom dei som har draumane.

Vi vonar at heile prosjektet vil vere sluttført i løpet av 2016.

På vegne av styret, elever, lærarar og dei i ArbaMinch, takkar vi for alle gåver!

This entry was posted in Nyheter. Bookmark the permalink.

Comments are closed.